Regjeringa tek i jordbruksmeldinga til orde for å avvikle tilskotet til avløysing ved ferie og fritid. Tilskotet til bøndene er i dag på nær 1,2 milliardar kroner, opptil 74.200 kroner til kvar, for dokumenterte utlegg til avløysar.

Regjeringa vil heller bruke pengane til å auke husdyrtilskota og argumenterer med at det gir bonden større fridom til å velje kva pengane skal brukast til.

Les også: Bondetoppar varslar at jordbruksmeldinga gir meir sentralisering av jordbruket

Forslaget fell ikkje i god jord blant bønder og avløysarlag. Dei åtvarar mot dårlegare avløysartilbod til bøndene og at beredskapen ved sjukdom blir svekka.

– Svekker rekrutteringa

– Forslaget viser at regjeringa ikkje tek velferdsordningane til bøndene og rekrutteringa til yrket på alvor. Dette vil svekke rekrutteringa og beredskapen for avløysing, seier saue- og ammekubonde Sven Reiersen (56) frå Evje og Hornnes i Setesdal.

Les også: Avviklar marknadsreguleringa for korn og egg

Reiersen seier nystarta bønder og andre med anstrengt økonomi ikkje vil ta seg råd til å ha avløysar om det øyremerka tilskotet til ferie- og fritidsavløysing blir fjerna. Det vil gi redusert etterspørsel etter avløysarar, som i neste omgang vil svekke avløysarlaga. Dermed blir det vanskelegare å halde oppe beredskapen med tilgjengelege avløysarar om bonden blir sjuk.

– Blir tilskotet fjerna blir terskelen for å ta seg fri høgare. For bøndene kan det gå på helsa laus. Om ein tenker det er vanskeleg og dyrt å ta seg fri, vil det påverke òg den psykiske helsa, seier han.

Fryktar for beredskapen

I dag er 92 bondeeigde avløysarlag spreidd over heile landet organisert i Norske Landbrukstenester (NLT). Dei sysselset rundt 30.000 avløysarar eller 5000 årsverk. Styreleiar og økobonde Harald Lie er bekymra.

– Vi skal ha beredskap for sjukdom i kvar krinkel og krok av landet. Avløysinga for ferie og fritid er viktig for å halde oppe ein god service til bonden. Fell tilskotet bort fryktar vi at bønder tar seg mindre fri. Det vil gjere det verre å halde oppe beredskapen og tryggleiksnettet ved sjukdom, seier Lie, som fryktar dårlegare velferd for både bønder og dyr.

Les også: Storberget vil ta opp avløysarstrid

Lie seier forslaget kan gjere det tøffare for ungdom å få seg avløysarjobb. Han meiner dokumentasjonskrav og tilskotsordninga òg sikrar ryddige og ordna arbeidsforhold for avløysarane.

I tillegg framhever Lie at sjansen for å prioritere ferie og fritid er spesielt viktig for rekrutteringa til næringa og nyetablerte, noko som òg kom fram i rapporten frå rekrutteringsutvalet.

– Meir til store, kutt til små

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) presenterte forslaget som eit forenklingstiltak.

– Tilskotet til avløysing ved ferie og fritid bør leggast på andre ordningar slik at bonden sjølv i større grad får disponere ein større del av den inntekta vi vel å subsidiere, sa Dale.

I meldinga står det at flytting av tilskotet til husdyrtilskotet kan gi ein «begrenset omfordeling i samlet tilskuddsutbetaling mellom jordbruksforetakene».

Ifølgje Bondelaget kan omfordelingseffekten bli stor.

– Det er vanskeleg å sjå måtar som ikkje gir stor omfordelingseffekt. Det blir lett ei omfordeling frå små til store, seier seniorrådgivar Anders Huus.

Les også: Bondelaget fryktar sosial dumping

Huus viser òg til at bønder med fjørfe og pelsdyr får avløysartilskot, men ikkje husdyrtilskot. Dermed må det i tilfelle opprettast nye tilskotssatsar for det.

– Vil svekke beredskapen

Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag seier forslaget vil svekke avløysartenestene.

– Forslaget vil redusere bruken av avløysarar og svekke beredskapen for sjukeavløysing. Stor arbeidsinnsats over tid utan å prioritere ferie og fritid kan òg få negative konsekvensar for helse og trivsel, seier Bartnes, som òg fryktar svekka rekruttering.

Bartnes uttrykte også før framlegginga av jordbruksmeldigna bekymring for at forslaget om å fjerne det øyremerka tilskotet til ferieavløysing kunne kome.

Les også: Trur avløysar-endringar rammar dyr og bønder

Reiersen fryktar forslaget vil svekke tryggleiksnettet til bonden og dermed òg rekrutteringa.

Endringar regjeringa har gjort har alt svekka avløysarlaga. Snart risikerer vi å måtte ta alt papirarbeidet sjølv, seier han.