I forliket om statsbudsjettet ber samarbeidspartia regjeringa om å fremme forslag om forbod mot nydyrking av myr.

Det skapar reaksjonar blant bondeleiarar, som seier det er viktigare å forby bruk av myrjord til industri og bustader enn å forby nydyrking. Ifølgje forskarar gir nedbygging av myrjord større utslepp raskare enn nydyrking av myr.

– Dårleg idé

– Eit forbod mot nydyrking av myr er ein dårleg idé. Myra må kunne ligge der som ein reserve for nydyrking i framtida. Ein må først starte med å forby det som har størst effekt. Nedbygging av myr bør ein forby før ein forbyr nydyrking av myr. Elles blir det inkonsekvent. Er myrjorda først nedbygd, så blir det ikkje matproduksjon der i framtida, seier fungerande leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Arne Lofthus.

Bondelaget reagerer òg.

– Når Stortinget først har bede om å frede myra mot matproduksjon, så er det merkeleg at ein ikkje samtidig tar med myr som blir bygd ned, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

– Større utslepp raskare

Seniorforskar Arne Grønlund på Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) seier bruk av myr til utbygging gir større klimautslepp.

– Ved utbyggingar grev ein bort myrjorda, noko som gir raskare nedbryting. På kort sikt gir det større utslepp, seier han.

Grønlund seier vedtaket til Stortinget gir inntrykk av hastverksarbeid i sluttspurten av budsjettforhandlingane.

– Det vil vere ulogisk og inkonsekvent viss ein ikkje får dyrke myra, men får øydelegge myra på andre måtar, seier han.

Les også: Store CO2-lagre i jord

Grønlund kallar eit forbod mot dyrking av myr for eit kurant klimatiltak, men seier det er usikkert kor mykje reduksjon i utsleppa eit slikt tiltak vil gi sidan ein ikkje veit kor mykje myr som vil bli nydyrka utan eit forbod.

Hemmar vekstpotensial

Eit forbod mot nydyrking av myr blei også vurdert under den raudgrøne regjeringa, men forslaget blei då lagt bort.

Forskingsleiar ved kart og statistikk-divisjonen på Nibio, Geir Harald Strand, seier kysten blir særleg ramma.

– Rundt ein tredel av jorda som kan nydyrkast her i landet er myrjord. Langs store delar av kysten er det eigentleg berre myrjord som kan dyrkast opp. Eit forbod vil kunne hindre mange frå å ekspandere. Jordbruket blir dermed låst, seier Strand.

– Er eit forbod i strid med målet om auka produksjon?

– Det kjem an på i kor stor grad ein må auke arealet for å auke matproduksjonen. Det er ikkje nødvendigvis eit hinder, men det kan vere det, seier Strand.

Les også: Kallar forbod mot torv for dommedag for blomsternæringa

Leiar i bondelaget i Møre og Romsdal, Oddvar Mikkelsen er sterkt kritisk til dyrkingsforbod.

– Eg reagerer med sjokk og vantru. Dette er merkeleg symbolpolitikk, seier han og tek heller til orde for å kutte utslepp der konsekvensane blir mindre.

– Mat må vi ha. Dette vil redusere sjansen til å auke matproduksjonen, seier han og viser til at det blir forska på dyrkingsteknikkar som gir mindre utslepp.

Bartnes er einig.

– Myrjord er brukt til matproduksjon i tusenvis av år. Det må kunne halde fram for å sikre matproduksjonen, seier Bartnes.

Forsvarar vedtaket

Nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen, forsvarar vedtaket og vil ikkje binde seg til å forby nedbygging av myrjord.

– Eg reknar med det kjem opp i høyringsrunden, seier han.

– Står dyrkingsforbod i strid med matproduksjonsmålet?

– Det kan stå i motstrid, men å avgrense global oppvarming er eit felles ansvar, seier han.

Sp er kritisk til vedtaket frå samarbeidspartia.

«Senterpartiet mener det er heilt bak mål å innføre eit generelt forbud mot nydyrking av myr. Dette skjer utan at folk har fått uttale seg. Vi forventer at regjeringa gjennomfører ein reell høyringsrunde om saka» skriv Geir Pollestad i ei tekstmelding.